Kvalifisering/formidling

In Via har mange års erfaring i rettleiing av dykk som er på veg mot nye jobbar, og vi har hatt eit svært tett samarbeid med både næringslivet og det offentlege tenestetilbodet i heile Nordfjord. Vi har følgt nøye med på samfunnsendringane og arbeidslivet i regionen i alle desse åra, og vi er heile tida godt orienterte om kven som treng kva slags kompetanse i arbeidsstokken og blant personalet sitt. Derfor kan vi sette deg i kontakt med ein eller fleire av dei du kunne tenkje deg å arbeide saman med.